1814-2014 Møre og Romsdal

1814-2014 Møre og Romsdal er eit felles formidlingsprosjekt for arkiv, bibliotek og museumssektoren i fylket for å markere 200-årsjubileet til Grunnlova.

 

Desse institusjonane er med i prosjektet: Sunnmøre Museum, Romsdalsmuseet, Nordmøre Museum, Fylkesbiblioteket, Kulturnett Møre og Romsdal, Senter for digitalisering av kulturarven (SEDAK), Interkommunalt arkiv (IKA MR), Fylkesfotoarkivet, Kunstmuseet Kube og Ivar Aasen-tunet.

Det overordna perspektivet er regionale forteljingar om Grunnlova frå 1814, nasjonsbygging, kommunikasjon, deltaking og folkeopplysning. Innhaldet på denne nettstaden er produsert av institusjonane sjølve.

Målgruppa er elevar i den vidaregåande skulen.

Bakgrunn

Som ein del av nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i Møre og Romsdal, har ABM-sektoren i fylket danna ei styringsgruppe for 200-årsjubileet. Det er semje mellom dei involverte ABM-institusjonane at ein skal markere grunnlovsjubileet med ein koordinert aktivitet på Internett. Hovudtemaa er kommunikasjon og folkeopplysning.

Siktemålet med prosjektet

Det overordna målet med prosjektet er å få fram kunnskap om 1814-hendingane i eit regionalt perspektiv. I tillegg ønskjer ein å sjå på historia til fylket gjennom eit lengdesnitt i hundreåra frå 1814 til 1914, og fram til i dag.

Prosjektet har fått støtte frå Norsk kulturråd.

 Kontakt

Jan Aakvik, koordinator for Kulturnett Møre og Romsdal

Jan Aakvik, koordinator for Kulturnett Møre og Romsdal, tlf. 701 65 186

 

Anders Aanes, dokumentasjonsleiar Ivar Aasen-tunet

Anders Aanes, dokumentasjonsleiar, Ivar Aasen-tunet, tlf. 700 47 580

E-post til prosjektleiinga: post1814@ikamr.no