Fræna kommune

Fræna er ein kystkommune med om lag 9000 innbyggjarar. Kommunen dekkjer nesten heile Romsdalshalvøya ut mot Hustadvika og er rik på naturressursar.

Hustadvika i godvèr, er ei oppleving av dei sjeldne, men er også fasinerande og spanande når storbåra hemningslaus velter seg dundrande inn mot land.

Busettingsstruktur

Folketettleiken for heile kommunen var i 2003 på 24.5 pr. km2. Gjennomsnittet i fylket var 16.2 og i landet på 14.1. Dei siste 30-40 åra har det skjedd ei stor tettstadsutvikling i kommunen. Elnesvågen har vokse seg stor til ein bygdeby, etterfølgt av Bud. I tillegg har ein tettstadane Farstad, Tornes, Sylte/Moen og Malme. I 2003 var 46% av innbyggjarane busett i tettbebygde strøk.

Frykta havstrekning

Hustadvika er ei av dei frykta havstrekningane i Noreg. Det ligg mange forliste vrak på havbotn der. Hustadvika er lunefull, men har eit rikt og variert fiske- og fugleliv. Hustadvika har også ein mangfaldig undervassvegetasjon og eit vakkert undervasslandskap. Det er ikkje utan grunn at Hustadvika er vorte ein av dei mest populære stadane i Nord Europa å drive sportsdykking. Som kystkommune er mange store fiskefarty heimehøyrande i Fræna, og fiskeforedlingsbedriftene foredlar og sel fisk både til inn - og utland.

Geologi

Fjella i Fræna inneheld mykje kalkstein som vert nyttiggjort av ein av dei største industribedriftene i kommunen, Hustadmarmor AS. Av kalkstein vert det laga Hydrocarb slurry, eit produkt som mellom anna vert brukt til fyll i og bestrykningspigment i papir av finare kvalitet. Ca 95% av produksjonen går til eksport. Kalkstein- og marmorførekomstar i fjella gjev ikkje berre arbeidsplassar og forteneste, men også naturopplevingar av dei sjeldne. I desse kalkrike fjella veks også ein orkide, Marisko. Denne er freda. Kalksteinsgrotta, Trollkyrkja, som er laga av naturen sjølve, er i dag ein stor turistattraksjon og vert vitja av eit stort tal turistar kvart år.

Største Jordbrukskommune

Den næringsrike jorda, samt dyktige og arbeidssame bønder, har gjort Fræna til den største jordbrukskommunen mellom Stavanger og Trondheim. Tine Midt Norge har ei stor avdeling i Elnesvågen, kor det blant anna vert produsert: Jarlsbergost, brunost og japanprim. Fræna er også heimkommunen til den einaste bilfabrikken i Noreg, dumperfabrikken Doosan Moxy. Mesteparten av produksjonen går til eksport.

Turistattraksjonar

Ved sidan av Trollkyrkja, har Fræna kommune ei rekkje andre turistattraksjonar. Det fråflytta fiskeveret Bjørnsund er i dag eit ferieparadis av dei sjeldne. Kommunen driv i dag leirskole på Nordre Bjørnsund. Det er faktisk 5 års ventetid på å få plass på leirskolen. Bud, som var den største staden mellom Trondheim og Bergen i middelalderen, har i dag vorte et turistmål å rekne med. Her ligg Ergan Kystfort, eit underjordisk tysk krigsfort frå andre verdskrig som er restaurert og vert drive som museum. Fugleberget på Ergan må også nemnast. Her kjem tusenvis av krykkjer kvart år i februar, hekker og set kursen mot Sør-Atlanteren igjen, ein gong midt i august.

Skaret Turistsenter er staden ein dreg til om vinteren når ein skal gå på ski, eller om sommaren i fall ein vil bade i oppvarma ferskvatn. Her er også gode merka turløyper, anten det er sommar eller vinter. Anders Sandvik er født i Fræna. Sandvik forstod tidleg verdien av å ta vare på gamle ting. Han redda mange store kulturskattar frå utanlandske oppkjøparar og la grunnlaget for det som i dag er eit av dei største musea i Nord Europa, Maihaugen på Lillehammer.

I Elnesvågen held kommuneadministrasjonen til. Her er også legesenter, butikksenter, ungdoms- og vidaregåande skole. Sjølv om Fræna kommune har store og varierte naturressursar, er nok dei om lag 9000 hyggjelege menneske som bur her den største ressursen kommunen har. (Kilde: Heimesida til Fræna kommune)

Kommune: