Gjemnes kommune

Gjemnes kommune ligg på Nordmøre, i grenselandet mellom kyst og innland. Arealet er på 382 kvadratkilometer og folketalet 2618 i 2009.

Kommunen har ei langstrakt kystlinje langs fjordarmane Kvernesfjorden, Batnfjorden og Tingvollfjorden. E-39 går gjennom kommunen og gjer at Gjemnes er sentralt plassert midt i nordfylket mellom byane Kristiansund og Molde.

Administrasjonssenteret ligger på Batnfjordsøra, en tettstad innerst i Batnfjorden. Frå 1600-tallet til tidlig på 1800-tallett var Gjemnes tinglag administrasjonssenter. Tinglaget omfatta forutan en stor del av Gjemnes kommune, hele Kristiansund kommune og indre deler av Eide kommune, samt et området vest for Aspøya i Tingvoll. Bygdene Angvik og Flemma var ikkje del av Gjemnes tinglag.

Tidlig på 1800-tallet ble Gjemnes tinglag delt inn i mindre områder. Gjemnes kommune ble ved kommunesamenslåingane 1. januar 19655, slått saman med den tidligare kommunen Øre og Bergsøya, som var en del av tidligare Tingvoll kommune. Gjemnes hadde like forut for kommunesammenslåinga i 1964 omtrent 700-800 innbyggarar. Den nye storkommunen Gjemnes hadde nær 3 000 innbyggarar ved sammenslåinga. Kommunen grenser til kommunane Kristiansund, Averøy Fræna, Eide, Tingvoll, Nesset, og Molde. Nærmaste byer er Kristiansund og Molde.

Natur og friluftsliv

Naturen i Gjemnes er svært variert og innbyr til ei rekke ulike aktivitetar. Landskapet varierer med fjord, fjell, skog, vatn og kulturlandskap. Fjell- og skogsområda innbyr til variert friluftsliv både sommar og vinter. Kommunen sin sentrale plassering gjer at utfartsområd er mykje nytta. Fjordane innbyr til båtutfart og fiske både frå båt og land. Kulturlandskapet i Gjemnes er prega at eit aktivt jord- og skogbruk gjennom århundre. Det levande og vakre kulturlandskapet i kommunen betyr mykje for oppleving og trivsel for så vel fastbuande som tilreisande.

Jakt og fiske i Gjemnes

Med sine mange fjellvatn, elvar og lande strandlinje, er Gjemnes eit svært attraktivt område for all slags sportsfiske. Det er også høve til jakt i dei store utmarksområda i kommunen. For meir opplysningar om jakt og fiske: Kontakt turistinformasjonen eller utmarkslaga i kommunen. Dei mest kjende fiskeplassane på sjøen, ligg nok i området kring Bergsøya, men lokale kjentfolk vil kunne fortelje om mange gode fiskeplassar i alle fjordområda.

Turløyper i Gjemnes

Gjemnes har aga ein eigen turguide til hjelp for dei som vil finne nye og spanande turvegar og turområder. Vinterutfart Dei mest brukte vinterutfartsområda er nok Osmarka, Silsetfjellet og Fursetfjellet. Her er det oppkøyrt eit omfattande løypenett på etterjulsvinteren. Dette løypenettet er knytt saman med løypene frå Skaret i Fræna. Også i området ved Langvatnet i Angvik og Flemsetervatnet i Flemma, er det oppkøyrt skiløyper. I det alt vesentlege er dette lette løyper i eit barnevenleg turterreng. For meir ekstreme skiturar, kan vi mellom anna anbefale topptur til Harstadfjellet som er eit eldorado for telemarkkjøring.

Sommarutfart

Ytre del av kommunen med fjellrekka frå Gjemnes til Åndalsfjella er eit flott fjellområde. Her finn du også kommunen sine høgaste fjell, Stortussen (1027 m.o.h.) og Harstadfjellet (1004 m.o.h.) Silsetfjellet, med bomveg til Innergardsetra, opnar for eit noko lettar turterreng med fiskevatn og flott utsikt mot Romsdalsalpane. Terrenget mellom Skeidsdalen og Torvikdalen er som Silsetfjellet, lett tilgjengeleg gjennom mange skogsvegar. Tur til Raudberget nedlagde gruver, samt fiske i dei små vatna kan anbefalast. Osmarka er prega av meir innlandsterreng med myrer og barskog. Tur til Noregs største bartre i Duskaret, er merka og lagt til rette som natursti. I området mellom Tingvollfjorden, Torvikdalen og Osmarka reiser Reinsfjellet seg som eit flott turmål. Det er merka løype til toppen frå tre kantar. Men også områda rundt toppen innbyr til flotte naturopplevingar. Fjellområda som grensar mot Nesset med Åbakken og Vettafjellet egnar seg til lette familieturar.

Kultur

Kulturavdelinga jobbar for eit rikt kulturliv i kommunen og har føljande arbeidsområde: - Tilskot og sørvisytingar til frivillige lag og foreiningar. - Kulturminnevern og museumsarbeid - Friluftsliv - Ungdomsklubb - Bibliotek - Drift og utleige av idrettshall/samfunnshus og symjehall - Veiledning og informasjon i samband med arrangement, prosjekt, aktivitetar, lokale - kulturbygg o. l - Kulturskulen Meir enn 1000 gamle bilde frå Gjemnes er innsamla og registrert. Dette er ei unik samling av historia frå kommunen gjennom meir enn 100 år. tilgjengeleg for alle. Desse finn du i FylkesFOTOarkivet for Møre og Romsdal eller i fotodatabasen på Kulturnett Møre og Romsdal.

Næringsliv

Jord- og skogbruk har frå naturen si side hatt gode vilkår i Gjemnes, og framleis står desse næringane for eit viktig grunnlag for sysselsetting og busetting. I dag har kommunen eit variert spekter av verksemder spreidd innafor produksjon, handverk, handel- og finansnæring, fordelt små og mellomstore bedrifter.

 

Kjelde: Gjemnes kommunes heimeside.

Wikepedia

Statistisk sentrabyrå

Kommune: