Haram kommune

Haram kommune har i dag om lag 8.650 innbyggjarar, og er mellom dei største landkommunane i Møre og Romsdal.

Kommunen har eit samla flateareal på 256,6 km2 og er ein av dei viktigaste industrikommunane på Sunnmøre. Haram var opphaveleg namnet på den største og vestlegaste garden på Haramsøy der hovudkyrkja stod fram til 1838. Kyrkjesoknet blei difor kalla Haram, og seinare fekk både prestegjeldet og kommunen same namnet. Det er vanskeleg å tidfeste kor gamle dei fleste bygdelaga i Haram er, men mykje tyder på at det har budd folk her for minst 4-5000 år sidan. Ein reknar med at bønder busette seg fast i området frå om lag 400 år etter Kristus. Frå 1600 var alle gardbrukarane på Haram og på Vatne leiglendingar og måtte betale avgifter til eigarane eller kongen. Det var først på 1800-talet at dei fekk kjøpe den jorda dei dreiv, og vart sjølveigarar. Haram kommune, slik vi kjenner den i dag, vart oppretta 1. januar 1965. Den nye kommunen vart til etter vedtak i Stortinget om kommunesamanslåingar hausten 1964. Tidlegare Vatne kommune, Haram kommune og delar av Borgund kommune vart då til storkommunen Haram. I gamal tid høyrde både Haram, Giske, Vatne og Skodje til Borgund prestegjeld. I 1702 vart Haram utskild som eige prestegjeld, og ved formannskapslova i 1837 vart Haram eigen kommune. Skodje med Vatne vart utskild frå Borgund i 1849, og i 1902 vart så Vatne utskild frå Skodje og vart eigen kommune.

Kommunevåpen

Det tok over fire år frå Ragnar Tennfjord i mai 1983 tok initiativet til at Haram kommune skulle få kommunevåpen, til forslaget frå teiknaren Eldar Tandstad vart godkjent. I kongeleg resolusjon av 7. august 1987 vart våpen og flagg for Haram kommune endeleg stadfesta: "Haram kommune sitt våpen skal vere: Delt av sølv og blått med omvendt bogesnitt med tre bogar." "Bølgje II" vart valt ut mellom fleire forslag i ei utlyst konkurranse i 1984. Det var første gong Tandstad utforma eit kommunevåpen, og ifølgje han sjølv, også siste gongen. - Krava og dei heraldiske reglande for utforming er så strenge, at eg trur ikkje eg vil prøve meg på dette fleire gonger, seier han. Kommunevåpenet vårt er derfor unikt på fleire måtar. Teiknaren fortel at bølgjemotivet som er valt, kan vere eit symbol på at sjøen knyter delane av kommunen saman. Motivet kan og knytast til dei hindringane som ofte må overvinnast for å fremje vekst og framgang i ein oppdelt utkantkommune.

Geografi

Haram kommune kan naturleg delast inn i eit stort fastlandsområde med m.a. bygdene Vatne, Tennfjord, Grytastranda, Søvik, Hildre, Helland, kommunesenteret Brattvåg, og ei øygruppe med fire store øyar, Løvsøya, Haramsøya, Skuleøya/Flemsøya og Fjørtofta. Karakteristisk for landskapet er ei relativt flat stripe mot sjøen og eit indre terreng som stig bratt opp mot fjellhøgder på vel 1000 m.o.h. Somme meiner Haram kjem frå harde og snaue fjellhamrar, medan andre meiner at namnet har med ørn å gjere. På garden Haram er det ein stor haug som kallast Arnehaugen (Ørnehaugen).

Friluftsliv og Turisme

Fjellvandrarar har ei rad med fjell og toppar av ulik vanskegrad å søkje til. Fleire idrettslag har merka mange stiar i fjell og langs fjøre, og sett ut postar og registreringsbøker. Om vinteren er det fint skiturområde kring Krogsætra, lengst fram i Vatnedalen. Elles finn ei lysløype på Vatne og i Brattvåg. Det er mange fine fiskevatn og elvar i Haram der ein finn aure, røye eller laks. I Hildreelva, Tennfjordelva og i Vatneelva går det opp bra med sjøaure og laks. For sal av fiskekort, kontakt dei lokale grunneigarane. Sjøområdet mellom fastlandet og øyane utanfor er mellom dei mest fiskerike i distriktet.

Kultur

Kultur har vore eit stort satsingsområde i Haram dei seinare åra. Med to nye kulturhus og eit utall frivillige lag og organisasjonar er Haram ein levande kulturkommune i dag. Haram kulturskule. Haram kulturskule gir tilbod om opplæring i kulturfag. Hovudtyngda ligg på musikk, men vi har òg tilbod i ballett og dans, drama/teater og teikning/måling. I tillegg har vi år om anna prosjekt som oppføring av musikal o.l. Haram folkebibliotek Haram folkebibliotek er ei offentleg teneste som formidler informasjon og kultur i samsvar med Lov om folkebibliotek. Tenesta er lagd til rette for at flest mogleg kan få utbytte av tenesta på tvers av alder, kjønn og sosial tilhørsel. Fritidsleiar funksjonshemma. Fritidsleiaren organiserer fritidsbod for psykisk utviklingshemma. Det er aktivitetar som hobbyklubb, musikkgruppe, boccia/trim, turar, julebord m.m. Kulturkonsulent Haram kommune har eigen kulturkonsulent som har ansvar for m.a.: kommunale kulturmidlar, spelemidlar, friluftsliv, midlar til lokale kulturbygg, UKM / ungdommens kulturmønstring, Brattvåg idretts- og symjehall: utleige / administrasjon, kommunale kulturbygg og anlegg, kommunekontakt kultursekken / kulturnista, kulturpris, Lov om stadnamn, konsesjon for omsetjing og vising av film og videogram, sekretær for kulturutval og TV-aksjon og politisk saksbehandling.

Industrikommunen

Industrien er den viktigaste næringa i kommunen. Av godt og vel 4000 arbeidsplassar i kommunen finn ein om lag halvparten i industrinæringa. Dette utgjer om lag halvparten av all sysselsetjing. Det er verkstadsindustrien som er dominerande og som skaper grunnlaget for det sterke maritime miljøet som finst her. Miljøet er ein del av den maritime klynga på Sunnmøre. Bedriftene i kommunen dannar eit nettverk av leverandørar og underleverandørar som kjøper tenester og varer frå kvarandre og har verda som marknad. Sentrale aktørar i dette miljøet er Rolls-Royce Marine med tre avdelingar og STX Europe med fleire bedrifter innan verftsbransjen lokalisert i Brattvåg og Søvik. Det maritime miljøet i Haram er no så stort at det utgjer mykje av grunnlaget for busetjinga og aktiviteten i kommunen. Industrien konkurrerer med både utanlandske og innanlandske aktørar om kontraktar frå både nasjonale og internasjonale oppdragsgjevarar. I tillegg til verkstadindustrien har ein fleire større bedrifter i eit breitt spekter av næringar som trevare, grafisk design og marine næringar.

Som eksempel kan vi nemne;

• Napro Pharma AS

• H-produkter AS

• Hatlehols AS

• MøreNot AS

 

Kjelde: Haram kommune.

Kommune: