Øksendal kyrkje

Kyrkja vart bygd etter same teikning som Hopen kyrkje, Smøla, frå 1890-92. Kyrkja vart oppussa innvendes i 1947. I 1972 vart kyrkja på nytt restaurert innvendes med attendeføring av inventar frå den tidlegare korskyrkja frå 1712: Altartavle, preikestol og korskiljebjelke med figurar frå 1713, måla i 1783. Restaureringsansvarleg var Asbjørn Stein. Frå før heng ei altartavle frå 1682 i kyrkja. Kyrkja fekk tilbygg på aust-sida av tårnet for rullestolsheis og toalett i 1990.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: