Øre kyrkje

Kyrkja er interiørmessig som ei langkyrkje, men har eit ytre omriss som ei korskyrkje med avkorta korsarmar. Galleriet går over bakerste del av kyrkja og framover på begge sider.
Altartavla er frå 1906, måla av Marie Hauge med motiv: Jesus i Getsemane. Altertavla erstatta ein kross som no er på plass på høgre sidevegg i kyrkja - etter å ha fungert som juletrefot i kyrkja ei tid!
Det mest verdfulle inventaret i kyrkja er eit krusifiks frå førre kyrkja. Dette var noko defekt, men vart teke vare på på Silset-garden - truleg etter ein auksjon ved riving av gamlekyrkja. I 1964 vart krusifikset gitt tilbake til kyrkja av Solveig Silset. Riksantikvaren rangerer krusifikset særs høgt mellom heimleg importkunst frå Lübeck, og foreslår ei datering til 1480-åra.
Kyrkja har to klokker - ei frå 1759 og ei frå 1865.
Ein reknar at dette er tredje kyrkja på denne gamle kyrkjestaden heilt i sjøkanten. Truleg stod det kyrkje her tidleg på 1300-talet.
(Kjelde: Gjemnes kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: