Ørskog kyrkje

Ørskog har lange tradisjonar som senter for religionsdyrking. I kristen tid var Borgund, Herøy, Volda og Ørskog frå gamalt kyrkjestadene på Sunnmøre, og truleg dei stadene som fekk dei første offentlege kristne almugekyrkjene. I Stranda bygde ein privatperson, Arnljot Gaddabein, seg ei privat kyrkje rundt år 1000, som er rekna for den første i regionen, men liknande "huskapell" kan det ha vore også andre stader, mellom anna på Lande i Ørskog, der det etter ei segn skal ha vore ei kyrkje. Ein reknar med at den eldste offentlege kyrkja i Ørskog vart bygd i kong Øystein si tid, 1103-23, men den eldste skrivne kjelda som dokumenterer kyrkje i Ørskog, er frå 1280, i testamentet til Bjarne Erlingson på Giske (Eyraskogs kierkja). I eit dokument frå 1325 er det nemnt at det var ei stavkyrkje som stod på øyra i Ørskog. Kyrkjene på Sunnmøre låg under Nidaros bispestol heilt til 1622, då dei vart flytta til Bjørgvin. Ørskog prestekall omfatta utanom Ørskog, også Sykkylven, Stranda og Stordal sokn. I dag er stillinga som sokneprest i Ørskog kombinert med stillinga som prost for Nordre Sunnmøre Prosti, som dekkjer kommunane Skodje, Stordal og Ørskog.
Noverande kyrkje vart vigsla i 1873. Den førre kyrkja hadde då blitt for lita, og ho vart seld og sett opp att på Leikong i Herøy, der ho framleis er i bruk.
(Tekst/foto: Ørskog kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: