Ørsta kyrkje

Stavkyrkja i Ørsta er første gong nemnt i Diplomatarium Norvegicum i 1385, men kyrkja var nok bygd mykje før. Ho vart restaurert i 1699 og rive for å byggje ny kyrkje i 1864. Materiale frå stavkyrkja vart nytta i den nye kyrkja. Det verdfulle altarskåpet frå seinmiddelalderen er sannsynlegvis laga i Nord-Tyskland eller Holland. Skåpet vart restaurert attende til opphavleg utsjånad sist på 1950-talet. Bonde-epitafiet er frå 1699 og Vik-epitafiet frå 1703. Kyrkja fekk orgel alt i 1870. Glasmålarstykke av kunstmålar Oddvard Straume vart sett inn i vindauga på slutten av 1950-åra. Kyrkja vart restaurert før krigen, i 1950-åra og i 1970.
(Kjelde: Ørstavik, Ragnar: Ørsta kyrkje gjennom tidene. 1990).

Kommune: 
Institusjonskategori: