Øye kyrkje

Minst to eldre kyrkjer har stått på same staden, som i gamal tid heitte Eyar. "En liden Kiercke af Staafwerk, uden Taarn oc Spiir, men med tvende Korsarme", skriv Trondhjems Reformats om den eldste kjende Øye-kyrkja i 1589. I 1724 vart ei åttekanta trekyrkje bygd. Eit måleri av ho heng i våpenhuset i den noverande kyrkja. Den kjende kyrkjekunstnaren Peder Bildsnider laga visstnok både altartavla og døypefonten den gongen. Desse vart auksjonerte bort då ny kyrkje vart bygd. Klenodia hamna på museet i Kristiansund og brann opp då byen vart bomba under krigen. Men vindauga vart brukte oppatt på "Fastskulen" på Øye. Altartavla i Øye kyrkje viser Jesu dåp og er måla av V. Vilberg. Det noverande orgelet vart bygd av det danske firmaet Marcussen i 1987.
(Kjelde: Kyrkja i Stangvik og Surnadal).

Kommune: 
Institusjonskategori: