Per Gynt Galleriet

Peer Gynt galleriet Hægstad gård på Hellesylt ligg ved inngangen til Geirangerfjorden. Her finn ein ei permanent utstilling av Peer Gynt-samlinga til Oddvin Parr. Utstillinga opna i 2002. Peer Gynt sitt liv er visualisert gjennom Oddvin Parr sine mange veggrelieff utskorne i tre. I tillegg til det store utstillingslokalet med Oddvin Parr sine enorme trerelieff som når frå golvet til langt mot taket, blir det arrangert kunstutstillingar med eksterne kunstnarar kvar sommar. Lokala blir også nytta til intimkonsertar og mindre teaterframsyningar, til familiesamlingar i høve konfirmasjon, barnedåp, bryllaup og åremålsdagar.

Kommune: 
Institusjonskategori: