Kulisteinen

I over 900 år stod Kulisteinen på Smøla, men i 1913 vart han flytta til Vitskapsmuseet i Trondheim og sett opp i hagen der. Ein kopi av steinen står no på Kuløy. Steinen hadde ein kross hogd inn på flatsida, og alle forsto at det var eit gamalt kulturminne, men ingen visste lenger at han også var full av runer. Ikkje før professor Aslak Liestøl ein dag i 1956 plutselig såg at steinen var påskrive frå topp til tå. Dette var ein sensasjon ? det finst ikkje maken til denne steinen har i landet.
Liestøl var ein velkjent runolog og kom etter kvart fram til ei idealisert tolking av runene, m.a. dette: "Tore og Hallvard reiste denne steinen" og "tolv vintre hadde kristendommen vært i Norge". Steinen er det eldste norske kjeldeskriftet som nemner kristendomen i Noreg.
No har ny teknologi, mikrokarteringsteknologi, gjort at tolkinga frå 1956 må reviderast på enkelte punkt. Det gjeld ikkje så mange av teikna, men bodskapen blir ein annan: Laseren avslører nemleg at det slett ikkje står «verit» (vært), men «um rétt», som betyr sørge for lov og rett. - Steinen er eit propagandaskrift for kristendomen, slår professor og runolog Jan Ragnar Hagland (NTNU) fast. Innskrifta ber tydeleg preg av angelsaksisk språk og er difor moglegvis laga av ein tospråkleg misjonær.
Kulisteinen er datert til år 1034 e.Kr.
Men er Kulisteinen lest og tolka ein gong for alle? Nei, meiner Hagland: Målinga som vart lagt på steinen i 1956 er med på å byggje opp steinen, og gir dårlegare kontrastar i kartbildet.
(Kjelde: Lisa Olstad, NTNU/Annies gjestekro).

Kommune: 
Institusjonskategori: