Kvernes kyrkje

Nykyrkja og Kvernes stavkyrkje ligg side om side på Kvernes, rett ved prestegarden, frå gamalt av Mørejarlenes rike. Dei to kyrkjeklokkene vart overførte frå stavkyrkja i 1893: den minste er frå 1546 og omstøpt i 1927, den største er ei "Olavs-klokke" med relieff av helgenkongen, og er frå 1793. Av anna inventar frå stavkyrkja kan nemnast kalk og disk i sølv, messing lysekrone og to trearma lysestakar i messingfrå, alt frå 1600-talet. Altartavla er ein kopi av eit bilete måla av Christen Brun med motiv Krossfestinga. Interiøret i kyrkja vart restaurert i 1964 under leiing av kunstmålar Ola Seter, Halsa. Glasmåleri av Herlofson vart samstundes innsett. Kyrkja fekk nytt orgel i 1988. (Kjelde: Kvernes kirke 100 år : 1893-1993. 1993).

Kommune: 
Institusjonskategori: