Kvernes stavkyrkje

Kyrkja er av Møretypen, som har mellomstavar i ytterveggane og tverrgåande bjelkar. Kyrkja er i stor grad ombygd, og det lafta koret kom til i 1633. Hovudkonstruksjonen til skipet er bevart og omfattar svillene, hjørnestavar, mellomstavar, deler av veggborda og stavlegjene. Interiøret ber preg av etterreformatorisk inventar og malte dekorasjonar frå 1630 og -1640-åra. Veggar og himling er rikt dekorerte.
(Kjelde: Fortidsminneforeningen).

Kommune: 
Institusjonskategori: