Kvitholmen fyrstasjon

Stasjonen har eit 12m høgt tårn bygd opp av naturstein. Tårnet manglar lyktehus, og fyrdrifta er erstatta med ei fyrlykt. Resten av busetnaden dannar eit lukka tun som omfattar maskinhus, bustader og uthus. Fyrstasjonen har naust og landing. Anlegget ligg i eit tidlegare dyrka landskap. Området har fuglelivsfreding etter lov om naturvern.
(Kjelde: Norsk fyrhistorisk foreining).

Kommune: 
Institusjonskategori: