Løsetstova

Huset har ei grunnflate på 125m2. I tillegg kjem ein svalgang på baksida av huset på 6m2. I 2.etg. er det loft i kvar ende av huset. Det er og ein liten kjellar under huset.
Huset stod på garden Løset, gnr. 150, bnr. 2 i Stordal, og tjente som bustad til familien Martin Løset fram til 1943. I 1971 vart huset rive og lagra, og på slutten av 1987 stod huset ferdig oppattsett på tomta ved sida av Stordal gamle kyrkje - Rosekyrkja.
(Tekst/foto: Stordal kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: