Løvikremma på Gossen

Løvikremma er eit levande museum, eit samarbeidsprosjekt mellom Aukra kommune, grunneigar og Romsdalsmuseet. Dette gjer det mogleg å nytte tunet, bygningane, jorda på eigendomen og holmane til å prøve ut gamal gardsdrift og skape ei levande forståing for natur, kultur, miljø og historie. Tanken er at barnehagar, skuleklassar, lag, organisasjonar, næringsliv og andre meir tilfeldige gjester skal bruke garden som kulturformidlingsstad.
I dag består Løvikremma av 4 hus, våningshus, løe, stabbur og torvsjå. Bygningane vart bygd av Hans Hansen og sonen Peder Hansen som dreiv garden frå 1886-1920.
Tyskarane okkuperte Løvikremma under krigen. Dei tok løa som kino og teatersal. Scena, med måla dekorasjon på bakveggen, står framleis. Det budde folk på garden fram til 1979, og delar av jorda er framleis halden av grunneigar.

Kommune: 
Institusjonskategori: