Lokomobilen

I 1990 fekk Ørskog historielag ein lokomobil i gåve frå Lidvard Tøsse. Ein lokomobil er ein dampmaskin på hjul. Slike lokomobilar vart mykje nytta i landbruk og industri på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dei vart brukte til drivkraft for truskemaskinar, sagbruk og liknande. Historielaget sin lokomobil er laga av William Forster & Co ? Lincoln, England i 1903, og han vart først innkjøpt av O.A. Devold's Sønner sin fabrikk i Langevåg. Etter at fabrikken fekk elektrisk kraft i 1914, vart lokomobilen seld til Tøsse tønnefabrikk i Ørskog. Der sto han til fabrikken brann ned i 1919, og då vart han overteken av Lars Tøsses sagbruk. Han gjorde teneste der til sagbruket vart nedlagt i 1940. Etter dette vart lokomobilen ståande i eit skur i sjøkanten fram til 1990 då Ørskog Historielag fekk hand om han, og tok til med restaureringa. Lokomobilen står no i eit glasbur i Sjøholt sentrum.
(Kjelde: Ørskog historielag).

Kommune: 
Institusjonskategori: