Mardalsfossen

Ytste Mardøla er regulert, og vatn renn berre under snøsmeltinga og ved kraftig regn, men Mardalsfossen renn med regulert vassføring frå 20 juni-20 august.
Utbygginga av Mardalsfossen, som var den 3. utbygginga som fjerna vatn frå Eikesdal, førte til den første sivile ulydnadssaka i landet. Demonstrantar lenka seg fast til fjellet i von om å hindre øydelegging av fossen med Nord-Europas høgste frie fall. Demonstrantane måtte gi tapt, og i 1974 var utbygginga av Mardalsfossen, Ytste Mardøla og Bruåna ferdig og vatnet ført til Rauma.
Som ein del av kompensasjonen for kraftutbygginga vart det vedteke at det kvar juli månad dei neste 10 åra skulle slippast tre m3 vatn i sekundet. Då 10 år var gått, vart det vedteke å utvide sesongen til 2 mnd. frå 20 juni-20 august.
Sjølv om vassmengda i fossen er redusert, får ein likevel eit klårt inntrykk av fossen sin storleik.
Det er merka rute opp til fossen. Frå Mardalsvegen kan ein følgje ein skogsveg opp lia. Frå vegen går stien mot Mardalsfossen ca 2km. Turen opp tek omlag 30-45 min.
(Tekst: Nesset reiselivslag).

Kommune: 
Institusjonskategori: