Mjeltehaugen

Den første store gravinga i Mjeltehaugen tok til i 1847, og åtte steinkister bygd av heller vart oppdaga. Lokka på kistene var dekorert på innsida. Kistene var fylde med sand. Utgravingar i 1867 og 1878 avdekka fleire heller med dekor, m.a. innrissa båtfigurar. To bronsespenner og brende menneskebein vart òg funne. Dei siste utgravingane synte korleis haugen var bygd opp: Haugen var lagt på ein naturleg sandbanke. Oppe på sandbanken vart det bygd ei steinkiste av åtte heller, ikkje åtte kister som ein først trudde. Over steinkista har ein lagt rullestein, eit sandlag over dette og til slutt dekt haugen med torv. Arkeologen som gravde i 1878 meinte det var to graver i haugen frå ulike historiske periodar. Steinkista på botnen er den eldste, datert til eldre bronsealder (1500-500 f.Kr.). Hellene kjem ikkje frå Sunnmøre, men anten frå ytst i Sunnfjorden eller Trondheimsområdet. Mykje tid og ressursar er brukt på dette gravminnet, det tyder på at den gravlagde har vore ein viktig person. Eit slikt dekorert gravkammer er eit eineståande funn. Den yngste grava i Mjeltehaugen er ei kvinnegrav frå eldre jernalder, omlag 200 e.Kr. Bronsespennene, og truleg beinrestane, stammar frå denne grava.
(Kjelde: Mathisen, Silje Opdahl: Dei store gravhaugane i Giske kommune. 2004).

Kommune: 
Institusjonskategori: