Mo kyrkje

Ei tidlegare stavkyrkje på same staden var truleg frå rundt 1500.
Kyrkja arva ein del inventar frå stavkyrkja, m.a. preikestolen i tidleg barokkstil. Han fall i unåde ved restaureringa i 1867 (han verka for katolsk) og vart teken ut. Den toarma lysestaken frå 1660 og den minste kyrkjeklokka bygd i Nederland i 1650 kom og frå stavkyrkja. Altartavla frå 1767 er laga av ein ukjend kunstnar.
På nordveggen i koret heng ei tavle med inskripsjon til minne om kong Christian 5. si reise gjennom Surnadal 27. juni 1685.
To andre kongetavler med tekst heng i Utistua på garden Røv, der kongen overnatta den gongen.
Kyrkja fekk orgel i 1919 som vart skifta ut i 1930, 1964 og sist i 2004 med eit orgel bygd av firmaet Reil i 1987. Det er bygd etter barokktida sine ideal.
Kyrkja har vore restaurert fleire gonger: I 1900-01 vart innvendig panel lagt på og tårnet påkosta. Kyrkja vart betydeleg reparert i 1841 og 1867-68, sist både utvendes og innvendes. Kyrkja gjennomgikk ei stor restaurering i 1962 under leiing av Ola Seter, Halsa.
(Kjelde: Mo kyrkje 250 år : 1728-1978).

Kommune: 
Institusjonskategori: