Nesset kyrkje

Det har vore stavkyrkje på Rød sidan mellomalderen, og ho vart rive så seint som i 1885. Altartavla frå stavkyrkja står i dag i Nesset kyrkje. Ho er laga av Jurgen Snedicher, Molde, omlag 1650. Preikestolen er laga av fræningen Peder Knutsen Kjørsvik i første halvdelen av 1700-talet. Sølvkalken frå 1630, sølvdisken og døypefatet vart òg overførte frå Rød-kyrkja.
Ein del reparasjonar utvendes vart gjort i 1905 og 1922, og orgel kom på plass i 1914. Kyrkja vart restaurert i 1930/32 og i 1969/70 og reparert for brann- og vasskadar i 1996.
(Kjelde: Nesset kyrkje 100 år : 1878-1978. 1978).

Kommune: 
Institusjonskategori: