Nord-Heggdal kapell

Kapellkrinsen (austre del av Otrøya frå Ræstad til Heggdalsvika, samt Tautra) høyrde til Aukra sokn fram til kommunedelinga i 1923. Ved oppgjeret i 1924 vart det sett av fond til kapell i Nord-Heggdal. Etter 50 år vart kapellet reist. Mykje utstyr og inventar er laga eller gitt av bygdefolket. Brudestolane er laga av Knut Heggdal i 1954, altarteppe av Gjertrud Hals i 1984. Kyrkjeskipet er ein kopi av Tautrabåten Havdrott som forliste i 1927 (laga av Anders Finnøy i 2000).
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: