Norsk Fjordsenter

Fjordfolket si historie! Korleis var det mogleg å bu og overleva inne i fjordane 100 ? 150 år attende i tid, korleis var dette livet? På Norsk Fjordsenter har vi laga ei vandring i landskapet og historia. Utstillinga er presentert på ein slik måte at du føler det som om du er attende i tida. Historia er forsterka med bruk av mange ulike effektar. Her er brukt bevegelse, lukt, lyd, film og nokre overaskingar.
Vi har òg eit biletshow som viser Geirangerfjorden gjennom dei 4 årstidene.
I spissen på senteret har vi eit kunstgalleri med salsutstillingar av skiftande utstillarar.
Galleriet på Norsk Fjordsenter presenterer alle typar ulike samtidskunstnarar. Galleriet er ikkje stort, men unikt. Mykje naturleg lys gjennom store glasflater gjer at kunsten kjem fram på ein naturleg måte.
Frå starten i 2002 har vi hatt desse utstillarane: Ørnulf Opdahl, oljemåleri, Per Kleiva, grafisk trykk, Ola Une Ferstad Liland, måleri, Jarle Møll, glasmåleri, oljemåleri og kritteikningar, Kristin Amdam, smykke, Bjarte Ytterland, oljemåleri, Cornelia Skuggen, glaskunst, Arne Nøst, grafiske blad, Per Eide, fotografi, Marit Lange Davik, oljemåleri, Eve Lis Eikrem, kjeramisk kunst, Margrete Ringdal, akvarellar og måleri, Omar Viset, olje og akryl.

Kommune: 
Institusjonskategori: