Otnesbrygga

Otnes var det gamle bygdesenteret i Valsøyfjord. Det var dampskipsanløp her i 1860-åra, omlag på den tida Otnes kyrkje vart bygd. Midt i idylliske Otnesbukta, 5km frå Hendset langs E-39, finn vi Otnesbrygga. Brygga vart bygg i 1897 og har husa handelsverksemd heilt fram til Otnes Handel vart nedlagt i 1991. Sidan har brygga blitt restaurert og innreia slik ho var i gamle dagar. Brygga er i dag eit aktivitetssenter for Geitbåtkulturen i Halsa. Brygga inneheld butikk, kafe og utstillingar. Otnes brygge samarbeider med Nordmøre museum.

Kommune: 
Institusjonskategori: