Otrøy kyrkje

Grunnmuren og steinmuren - gjerde kring gravstaden - og ymse anna arbeid vart utført som friviljug arbeid. 2 gamle brukte klokker vart tilført kyrkja som ny, men dei vart seinare skifta ut med ei ny klokke. Kring 1910 fekk kyrkja ny altartavle: det kjende Kristus-krusifikset av Thorvaldsen. I starten hadde altaret ein enkel trekross. I 1932 fekk kyrkja kjøpt eit brukt eldre orgelharmonium i Molde som vart skifta ut med eit nytt pipeorgel i 1953. Samstundes vart galleriet utvida og ei mindre ombygging av kyrkja elles. Fleire forbetringar av kyrkja vart gjort utover 1950- og 60-talet, og eit tilbygg vart vigsla i 1968. I 1963 vart kyrkja innvendig dekorert av kunstmålar Gunnar Haukebø. I 1990 vart orgelet skifta ut med eit restaurert mekanisk Gray & Davidson orgel frå 1863. (Kjelde: Otrøy kyrkje : 100 års attersyn 1878-1978).

Kommune: 
Institusjonskategori: