Pilespisser

I 1040 fekk Noreg sitt "Magna Karta". Kong Magnus innkalte til ting i Langøysund for å bli samde med bøndene langs kysten. Etter harde, men fredelege forhandlingar måtte kongen og hans menn fire på krava sine og gi avkall på ein del rettar som dei hadde hatt, og som loven ikkje ga dei rett til. Samstundes vart det vedteke lovendringar, som viser gjennomslag for demokratiet.
I den vardeforma skulpturen "Pilespisser" av billedhoggar Kristian Blystad, er datidas våpen, pilespissane, teke bort og etterlet seg lysande opninger. Dette vitnar om siger til forhandlingslina og demokratiet. Minnesmerket står ute på toppen av Langøya og vart reist i 1989. Pilespissane finn ein òg i kommunevåpenet til Averøy kommune.
(Kjelde: Averøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: