Røbekk kyrkje

Kyrkja har mange likskapstrekk med Voll kyrkje 1896 og Røvik kyrkje 1905, teikna av same arkitekt. Altartavla, som er ein kopi av Adolph Tiedemans "Oppstoda" i Bragernes kyrkje frå 1871, er måla av Conrad Valeur i 1897. Preikestolen er frå 1897, dei to kyrkjeklokkene frå 1898, kyrkjesølvet frå 1898 og døypefonten frå 1905. Lysekronene i tverrskipet er frå Bolsøy gamle kyrkje. Kyrkja vart restaurert og måla om innvendes i 1964. Då vart hammondorgelet òg erstatta med nytt pipeorgel. Kyrkja vart på nytt restaurert innvendes i 1988.
(Kjelde: Røbekk kirke 1898-1998. 1998).

Kommune: 
Institusjonskategori: