Rødven stavkyrkje

Rødven stavkyrkje er av Møretypen, med mellomstavar i ytterveggane og tverrgåande bjelker. Kyrkja er mykje ombygd. Det opphavlege koret og svalgangane vart rive på 1600-talet, men eit lafta kor vart seinere bygd. Sørportalen har rester av ein uvanleg dekor i form av "fletta" halvsøyler og arkivolt med utskorne bladrankar. Interiøret er sterkt prega av inventar og måla dekorasjonar frå 1600- og 1700-talet. Eit krusifiks frå 1200-talet høyrer til det eldste inventaret.
(Kjelde: Fortidsminneforeningen).

Kommune: 
Institusjonskategori: