Riksgrensa på Midøy

Denne mektige stein-garden var i perioden 26.februar 1658 til 27.mai 1660 ein del av riksgrensa mellom Sverige på den eine sida og unionen Danmark/Noreg på den andre. Åra kring midten av 1600-talet var ei uroleg tid i Norgeshistoria. Danmark/Noreg måtte gje frå seg store landområde til Sverige, men den dansk-norske unionen prøvde å vinne dei tilbake med eit angrep i 1657, men tapte. Ved fredsavslutninga i Roskilde 26.februar 1658 måtte Danmark/Noreg difor gje frå seg ytterlegare landområde til Sverige. I Noreg gjaldt dette Bohuslen og Trondhjemslen. Dette førte til at Noreg vart delt i to, og riksgrensa følgde no fogderi-grensa mellom Romsdal og Sunnmøre. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på denne riksgrensa. 7. august 1658 var krigen igang igjen, og ved freds-avslutninga 27.mai 1660 vart Trondhjemslen ført tilbake til Danmark/Noreg, og riksgrensa gjort om til fogderigrense som før. I nyare tid har steingarden vore kommunegrense mellom ulike kommunar. Fram til 1924 var han grense mellom Akerø og Vatne kommunar. Akerø vart då delt i to, og grensa gjaldt no mellom Sør-Aukra og Vatne kommune. I 1965 skjedde det nok ei endring av kommunegrensene. Då vart Sør-Aukra og den delen av Midøya og Dryna som tilhøyrde Vatne slått saman til det som idag er Midsund kommune.
(Tekst/foto: Midsund kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: