Rindal kyrkje

Kyrkja vart restaurert innvendes i 1935. Det var kyrkjekonsulent Ola Sæter og arkitekt Sivert Glærum som hadde ansvaret for restaureringa. Kyrkja fekk då nytt inventar i nyklassisistisk stil.
Altartavla vart måla av Christen Brun i 1874. Ramma er frå 1935.
Preikestolen er frå 1874, han vart noko endra i 1935.
Døypefonten vart laga i 1935 av Lars Langli. Fat og kanne er i messing.
Lesepulten vart laga i 1982 av Johan Helgetun og Lars Langli.
Orgelet er elektropneumatisk, bygd av J.H. Jørgensen i 1947. Orgelet vart restaurert i 1999.
Det er laga eit museumsrom i kyrkja der ein kan sjå gamle gjenstandar som har vore brukt tidlegare.
(Kjelde: Rindal kirkekontor).

Kommune: 
Institusjonskategori: