Roktamonumentet

Under orkanen natt til søndag 3. april 1938 gjekk D/S Rokta på grunn og sokk ved Gallerskjera utanfor Bjørnsund. Seks av mannskapet på tolv mista livet.
Ved redningsaksjonen deltok mange frå Rindarøy (som då ikkje var landfast) og Aukra. Redningsmannskapet viste eit mot og ein innsatsvilje som har gjort at hendinga har rissa seg inn i kystbefolkninga som bevis på kva for utfordringar folk på havet og på kysten ofte vert stilt ovanfor. På grunn av veret kunne ikkje redningsmannskapet ta seg fram til "Rokta" og ta ombord dei av mannskapet som var igjen før eitt døgn etter forliset. Redningsaksjonen var den første som blei dekka fortløpande i media med utgangspunkt på Rindarøya. Det er seinare skrive bøker og dikt om hendinga ("Menn frå havet" av Ljone og "Hustadvika" av Arnulf Øverland").
I 1988, femti år etter forliset, vart det tatt initiativ til å få reist eit verdig monument over redningsdåden i samband med forliset. Monumentet er laga av Nicolaus Widerberg og er plassert på Rindarøya med utsikt til Gallerskjera. Avdukinga fann stad 16.juni 1991.
(Tekst/foto: Aukra kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: