Romfo kyrkje

Kyrkja har ei rikt utskore altartavle med innebygd preikestol frå 1713. Kyrkja har òg ein Olavsfigur i tre frå omlag 1350 og eit krusifiks med Johannes og Maria frå 13-1400-talet. Krusifikset vart gitt til kyrkja i 1709. Kyrkjebyggjaren Ole Pedersen Tøfte ("Gammel-Tøftin") var frå Romfo sokn. Han bygde seinare Ålvundeid kyrkje etter same modell, men med reduserte mål. Orgel kom på plass i 1982.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: