Rovde kyrkje

Det har vore kyrkje på garden Store-Rovde i uminnelege tider. Raudvinjar kyrkje er første gong nemnt i Trondhjems Stifts Reformats i 1589. Det var ei enkel stavkyrkje som i seinare tid vart påbygd med laftetømmer. Ei ny raudmåla kyrkje vart oppført i 1832, men vart berre ståande i 40 år. Ho var for lita og dårleg bygd. Kyrkja som vart bygd i 1872, har noko av inventaret frå dei gamle kyrkjene: Messinglysestakane på altaret frå 1630, eit gamalt krusifiks frå omlag 1700, katekismetavla frå 1508 i renessansestil, den gamle altartavla og epitafiet datert 1700 plasserte på sørveggen. I 1883 fekk kyrkja altartavle, og trekrossen vart bytta ut. Innvendes panel vart lagt i 1901. I 1906 vart nye målarstykke laga til altartavla, måla av nordfjordkunstnaren Oscar Sivertsen. Kunstmålar Jonas Peson måla store dekorasjonar i korveggane i 1936. Kyrkja fekk orgel i 1920. Sakrestiet vart påbygd i 1954. Kyrkja hadde omfattande reparasjonsarbeid i 2004-05.
(Kjelde: Ørstavik, Ragnar: Rovde kyrkje i fortid og notid. 1972).

Kommune: 
Institusjonskategori: