Sandøy kyrkje

Noko av inventaret i kyrkja vart flytta over frå det gamle kapellet (bygd 1708), m.a. dåpsfatet, kyrkjeskipet (frå 15-1600-talet), altarkalk og disk (frå 1740). Lysekruna, altarstakar og preikestol er òg inventar som er eldre enn kyrkjebygget. Den vakre altertavla vart bygd då kyrkja var ny. Ho er laga av Jakob Sørensen Giskegård, eller Tavle-Jakob, som han vart kalla.
Kyrkja vart omfattande restaurert i 1879 med m.a. påbygd sakristi og utvida galleri. Kyrkja har rosemåla gallerifrontar og benkedører av Jenny Husøy Wisth. Til 100-årshøgtida i 1912 vart kyrkja måla innvendig etter planar frå Lars Kinsarvik, som sjølv måla altartavla omatt. Kyrkja fekk orgel i 1936 som seinare vart skifta ut.
Sandøy kyrkje var tidleg ute med bruken av nynorsk salmebok og nynorsk liturgi i gudstenesta.
(Kjelde: Øverland, Berge: Sandøy kyrkje 150 år. 1962).

Kommune: 
Institusjonskategori: