Sande kyrkje

Storparten av materialet i kyrkja kjem frå den førre kyrkja frå 1836, som vart riven same året den nye kyrkja vart bygd. Ho hadde fått fleire stormskader og fått seg ein knekk.
Inventaret er derimot eldre: Altartavla - eit ombygd altarskåp - er frå 1400-talet, messehakelen er òg frå før reformasjonen, krusifikset over kordøra er frå 1669 og stokken i kordøra har innskrift med årstalet 1619. Altarskåpet vart ombygd då kyrkja var ny og restaurert av kunstmålar Peson i 1937.
Kyrkja har tre klokker, den eldste frå 1674, den andre frå 1856 og den nyaste frå 1916. Orgel fekk kyrkja først i 1920. Omfattande reparasjonar av kyrkja vart gjort på 1990-talet.
(Kjelde: Rabben, Bjarne: Sande kyrkje 1880-1980. 1980).

Kommune: 
Institusjonskategori: