Sira kyrkje

Det er nemnt i gamle skrifter at det var ei stavkyrkje i Eresfjord i mellomalderen, men ho vart rive då ei ny korskyrkje vart bygd omlag 1710. Korskyrkja stod til 1868. Lite av inventaret frå dei tidlegare kyrkjene vart flytta over til den nye Sira kyrkje. Altartavla frå 1650 og krusifikset måla av Hans Teilgaard, Trondheim, i 1734 er overførte til kapellet på Romsdalsmuseet. Nokre stoldører frå korskyrkja er bevarte. Dette er dører inn til benkane der folk sat. I 1914 fekk kyrkja orgel, dette vart restaurert midt på 1980-talet og er framleis i bruk. Kyrkja har vore utbetra på 1990-talet. (Kjelde: Sira kyrkje 125 år : 1869-1994).

Kommune: 
Institusjonskategori: