Sjøborg Kulturhus

Sjøborg kulturhus vart offisielt opna i juni 2007. I oktober 2007 vart også kinoen opna.
Kulturkontoret i Ulstein er ansvarleg for drifta av kulturhuset, med utleige av huset til kulturføremål og drift av Sjøborg kino.
Salen har 119 seter i ein romsleg og flott sal, med ein særprega arkitekur.
Sjøborg kino har eit moderne lyd og lydanlegg, som har hausta godord frå filmpublikum.
Storsalen i Sjøborg har to amfi, der fremste amfi har 228 seter og bakerste amfi har 240 seter. Ved mindre konsertar/ arrangement, kan ein dele salen, slik berre det fremste amfiet er bruk, og ein får dermed ein intim og tilpassa sal.
Om ein ønksjer det, kan ein ved bruk av eit mindre sceneområdet, få plass til om lag 50 stolar framfor det fremste amfiet, noko som gir salen 518 seter.
Sceneområdet i Sjøborg er om lag 9 x 16 meter, på flatt golv. Dersom arrangementet krev scene, kan dette byggast i ulike høgder, etter arrangøren sine ønskjer. Salen er utstyrt med ein topp Mayer Melodie lydrigg, som tilfredstiller dei fleste behov. Sal/ scene har ei grunnutrustning i høve lys, men vil nok måtte supplerast etter ønskje/ behov.

Kommune: 
Institusjonskategori: