Skodje bru

Skodje bru, som var ferdigstilt i 1922, skal vere den største buebrua i Skandinavia, og er eit arkitektonisk og handverksmessig meisterverk. Steinen i bogane og i endekara er handhogd. Bindingsmuren er gjort av brun klinkerstein.
No er den gamle brua stengt for biltrafikk, og ei ny bru, Straumsbrua, teken i bruk frå 3. juli 2004.
Området ved Straumen og den gamle brua er ei perle, og ved bygginga av ny bru vart det lagt vinn på at den nye brua skal stå arkitektonisk i harmoni til den gamle brua. Dette har ein lukkast med, og området framstår no som ein attraksjon det er vel verdt å få med seg. Skodje bru er blitt gang- og sykkelveg, og skal takast vare på som kulturminne. Statens vegvesen har lagt til rette for publikum mellom anna med eit utkikkspunkt og parkeringsplass på nordsida av nybrua. Det er her også lagt til rette for funksjonshemma. Den nye brua har fortau og er opplyst, og den gamle brua vil bli lyssett for at den skal kome til sin rett også på kveldstid.
(Tekst/foto: Skodje kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: