Skodje kyrkje

Kyrkja i Skodje vart første gong nemnt i Aslak Bolt si jordebok frå 1428. Kyrkja skal vere frå 1424. I 1750 var kyrkja i så dårleg forfatning at ny måtte byggast. Den nye kyrkja vart bygd i lafta tømmer. Dagens kyrkje er frå 1860. Altartavla vart laga til gamlekyrkja av kunstnaren Jakob Sørensen Giskegaard, eller "Tavle-Jakob". Kyrkja fekk sitt første orgel til 50-årshøgtida i 1910. Kyrkja har vore restaurert og oppussa fleire gonger: interiørendring i 1908, utbetring av skadar som følgje av lynnedslag i 1938, ny hovudtrapp med bårerom i 1955 og innvendes oppussing med nytt trekvitt golv i 1960. I 1970 fekk kyrkja innsett glasmåleri til sideveggane i koret laga av arkitekt Solem og glasmeister Rasmussen. I 1979 vart sakristiet påbygd.
(Kjelde: Kulturminne i Skodje. 2000. Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: