Solbakken skule

Solbakken skule. Foto: Turid Røsvik
Solbakken skule i vårdrakt. Foto: Turid Røsvik

Solbakken skule vart bygd i 1892 etter at Vigra vart utskilt frå Haram som eigen kommune i 1890. Skulen vart teken i bruk i januar 1893, men er i dag ikkje i bruk som skule. Skulerommet frå 1893 er restaurert slik det var det året og i 2. høgda er det ”familiebekvemmelighet”, dvs. bustad for småskulelærarinna.

Skulen er Giske kommune sin eigedom, men Solbakkens venner har hatt bruksrett sia 1990. Solbakkens venner er ei samanslutning av ca 50 husstandar og andre interesserte på øvre Vigra.

Solbakkens venner gav i 1997 ut boka ”Våre besteforeldres tid” av lærarinna Ragna Blindheim(1885-1952) og teikningar til eventyret om ”Mannen som skulle stelle heime” I 2005 gav Solbakkens venner ut boka ”Landnåmsmennene på Vigr”. Det er ei

bildeforteljing for born om dei første som busette seg langs kysten .

Skulen er elles nytta av søndagsskulen og barnelaget S-klubben, og ein leiger ut til kurs og ymse slag samkomer. Ei kjernegruppe på 8-10 medlemer møter til dugnad kvar tysdag kl. 1500-1800. Siste søndag i månaden er det kafe, gjerne med eit foredrag. DIS-Giske har Solbakken som møtestad.

Skulen er open for visning om ein vender seg til Turid Røsvik, tlfn. 70183234 eller Giske kommune tlfn. 70188000.

Kommune: 
Institusjonskategori: