Solnør Gaard

Professor O. Rygh skriv at ordet «nør» kanskje tyder smalt sund. Solnør har eit areal på over 7000 mål. Av dette er 5000 mål skog og 200 mål dyrka mark. I skogane er det mykje vilt, særleg hjort, og elva har rikt ørret- og laksefiske.
I 1690 vart garden seld til lensmann Ole Abelseth i Ørskog. Eigendomen vart seinare seld til kaptein Ludvig Daae frå Førde som starta å byggje opp eit bibliotek. I dag har biblioteket omlag 15.000 bind og er eit av dei største privateigde i landet.
Hovudbygninga er bygd på fleire gongar. Nordre fløy er eldst, omlag 250 år, har grovt lafta furutømmer. Bygninga har valma tak og liggande panel. Veggane i hallen er smykka med gamle gevær, hellebarder, sablar og bjørnespyd. I hagen foran hovudinngangen står to 150 år gamle asketre.
Omlag 1914 fekk Solnør eige elektristetsverk på 22kw. Dette har gitt lys og varme til garden, samt kraft til sagbruket og høvleriet som høyrde til garden.
Garden er no eigd av 6. generasjon sidan Ludvig Daae ovetok dette kultursetet. I dag er innmarka gjort om til golfbane.
(Kjelde: Kulturminne i Skodje. 2000).

Kommune: 
Institusjonskategori: