Solur

Tusenårsmonumentet "Solur" av billedhoggar Rolf Øidvin, står ved dei to kyrkjene på tusenårsstaden Kvernes. Dette rike kulturminneområdet ligg ved fortidas "vegkryss" der Kvernesfjorden, Bremsnesfjorden og Freifjorden treff kvarandre. Kvernes har gjennom tidene vore ein møtestad langs kysten. Fleire funn i området tyder på spor attende til eldre jarnalder, m.a gravrøyser, tingstad og fallossymbol. Mellom dei to kyrkjene ligg ein middelalderkyrkjegard.
(Tekst/foto: Averøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: