Spjelkavik kyrkje

Spjelkavik kyrkje vart bygd i 1987. Kyrkja ligg sentralt til i Moa-byen, rett ved dei store handlesentra og bussterminalen.
Kyrkjebygget inneheld kyrkjerom, ekspedisjon, kontorer; i underetasjen: kyrkjelydssal med kjøkken, ungdomssal, undervisningsrom, speidarrom og aktivitetsrom for klatring (buldrerom). Utanfrå kan bygget sjå ut som eit stort telt. Det skal minne om israelsfolket si vandring gjennom ørkenen og inn i det lova landet.
Dei 96 glasrutene som kransar kyrkjerommet i Spjelkavik, er som skapt for ein serie med glasmåleri. Ved inngangen til advent 2003 vart dei første 16 av i alt 96 glasmåleri av Håkon Bleken montert. Dette er òg ei nasjonal hending. Håkon Bleken er ein av våre fremste biletkunstnarar. Han vert hylla både for oljemaleria og collagane sine, kyrkjekunsten sin og samfunnsengasjementet.

Kommune: 
Institusjonskategori: