Stangvik kyrkje

Vi veit om 3 kyrkjer i Stangvik. Den første, ei korsforma stavkyrkje, vart bygd i 1407 og var "en af de mærkverdigste gamle Bygninger nordenfjelds" (G. Schøning, 1773). Stavkyrkja var rikt utsmykka i katolsk tid og var truleg vigd til St. Olav eller Jomfru Maria. Ho brann ned etter lynnedslag i 1783. Ei mindre korskyrkje stod frå 1784 til 1896. Altartavla, preikestolen, kyrkjeskuta og eit par andre ting frå korskyrkja finst i den noverande Stangvik kyrkje. På grunn av rommet og den gode akustikken er kyrkja ofte nytta i kyrkjemusikalsk samanhang. I 1980 vart Jørgensen-orgelet frå 1910 avløyst av eit klassisk-moderne orgel frå det danske firmaet Bruno Christensen. Ein dugnad i 1990 skaffa også flygel til Stangvik kyrkje. Ved den årlege gudstenesta på pinsedag i Stangvik er det jamnt stor oppslutning, m.a. blir det rodd til kyrkje med gamle båtar frå fleire grender. I 1996 vart inngangspartiet ombygd i samband med anlegg av rullestolrampe, og i 1998 vart tårnet reparert.
(Kjelde: Kyrkja i Stangvik og Surnadal).

Kommune: 
Institusjonskategori: