Stille rom

Minnesmerket "Stille rom" er laga av billedhoggar Geir Stormoen, og er reist til minne om krigsforliset av hurtigruta "Irma" og lastebåten "Henry" 13. februar 1944. 65 nordmenn mista livet i denne tragedien som fann stad like utanfor Hestskjæret fyr.
Minnesmerket er ein stad for sorg, sakn, ettertanke og forsoning. "Stille rom" vart offisielt innvigd av H.M. Kong Harald V
16.09.2002.
(Kjelde: Averøy kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: