Stordalshallen Idrett- og kulturhus

Stordalshallen er ein særs populær og mykje besøkt hall, der det er tilrettelagt for allsidige idretts- og kulturaktivitetar.
Stordalshallen tilbyr også ?skreddarsydde? opplegg der ein m.a. kan få instruksjon i klatring, skyting og trampolinehopping.
Om ein vel å kombinere dette med opplevingar ute i det fri, på dagtid, har ein her eit konsept som garantert vil verte ein suksess for alle grupperingar. Stadig fleire skular, idrettslag og bedrifter på sosiale turar, vitjar Stordalshallen og dei kjem att år etter år! Stordalshallen legg stor vekt på å få på plass stadig nye tilbod og ein av dei siste investeringane er ein 15 meter lang team-track (air-track).
Stordalshallen vert vidare mykje nytta til tilstellingar som t.d. bryllaup, konfirmasjon, barnedåp og jubileumsfeiringar.
Stordalshallen er vidare godt eigna til større arrangement, som t.d. messer, dansegallaer (plass til over 1000 personar) og fylkesmønstringar (oppdekking til over 500 personar) I samband med Stordalscup, siste helga i juni kvart år, er det om lag 7 000 personar innom, men også resten av året er det ei rad større og mindre kultur- og idrettsarrangement.
Hallen stod ferdig i januar 1997, etter eit imponerande samarbeidsprosjekt mellom lag og organisasjonar, næringsliv, einskildpersonar og kommune/fylkeskommune. Stordalshallen ligg sentralt til ved Stordal skule/Nye Kirkebø stadion, om lag 2 km frå Stordal sentrum.

Kommune: 
Institusjonskategori: