Stranda kyrkje

Det har vore kyrkje på Stranda i mange hundreår, først på Opsvik på 1000-talet og på Sløgstad på 1400-talet. Skafjell-ulukka i 1731 gjorde slutt på kyrkja på Sløgstad, og ei ny krosskyrkje vart bygd. På 1800-talet vart kyrkja for lita og dagens tilnærma åttekanta kyrkje vart oppsett. Det mest verdfulle i kyrkja er altarskåpet.
Det er mest sannsynleg laga i Lübeck eller av ein nordtysk handverkar i Bergen på slutten av 1400-talet.
Altarskåpet vart i første halvdel av 1600-talet påbygd med sokkel og toppstykke i typisk barokk-stil. Kristus-figuren på toppen er frå midten av 1600-talet. Ein inskripsjon på sokkelen fortel at skåpet vart restaurert i 1777.
Nedfelt i altarbordet ligg ei kvit marmorplate som mest sannsynleg har vore i bruk i Stranda-kyrkjene i meir enn 800 år. Ho ber tydeleg merke av å ha vore i bruk i katolsk tid. Ei grop på midten må ha vore staden for ein relikvie. Det er grunn til å tru at plata har vore altarbord i St. Pæders-kyrkja på Opsvik.
Preikestolen er frå 1648 og minste kyrkjeklokka frå 1721.
Disken og kalken i Stranda kyrkje er òg verdfulle klenodiar. Brødet ligg på ein disk av sølv frå 1696, og kalken med vinen er frå 1651.
Kyrkja vart restaurert i 1927.
(Kjelde: Berge, Ivar: Stranda kyrkje 150 år. 1988).

Kommune: 
Institusjonskategori: