Straumsnes kyrkje

Kyrkja er bygd som ein 1-skips basilika med flat himling i kor og skip. Utvendig er kyrkja kledt med kraftig tømmermannspanel. Innvendes oppussing var gjort i 1898 av målar Nils Grimstad. I 1904 fekk kyrkja orgel og året etter døypefont. Altartavle fekk kyrkja først i 1930, måla av kunstmålar Enevold Tømt med motiv: Jesus i Getsemane.
Kyrkja fekk dåpssakristi i 1946. Ei omfattande innvendes restaurering vart gjort i 1961. Nytt orgel frå Vestres orgelfabrikk, Haramsøy, kom på plass i 1963 og ny døypefont året etter. Tilbygg for dåpsventerom vart oppført i 1996.
(Kjelde: Straumsnes kyrkje 100 år : 1864-1964.).

Kommune: 
Institusjonskategori: