Sunnylven kyrkje

Første sunnylvskyrkja vart truleg bygd på Korsbrekke kring 1150. Ho er første gong nemnt i Aslak Bolts jordebok frå 1432. 15. mars 1727 vart kyrkja teke av Korsbrekkfonna. Ny krosskyrkje vart bygd på Hellesylt i 1730, men vart rive i 1858 for å få plass til ny og større kyrkje.
Kyrkja fekk med seg to tinnlysestakar på altaret og den vesle kyrkjeklokka frå 1674 frå gamlekyrkja. Klokka vart taus og måtte skiftast ut i 1879. Henrik Ibsen vitja Hellesylt i 1862 og fekk motivet til "den solløse prestegården" i Brand frå Korsbrekke der skredet tok kyrkja i 1727. Kyrkja frå 1859 passar godt inn i sceneanvisinga til 5. akt: "Den nye kirke står fullferdig og smykket til innvielsen. Elven rinner tett forbi." I 1909 fekk kyrkja orgel på 6 stemmer. Til 75-årshøgtida i 1934 vart ny altartavle laga av kyrkjekunstnar Per Vigeland med motivet: Jesu oppstode. Råma om tavla vart skore ut av sunnylvingen Ole Elias Kjellstad. Samstundes vart kyrkja måla innvendes og fekk innsett glasmåleri i korvindauga og nye nummertavler. Kyrkja vart restaurert på nytt i 1959 med påbygd sakristi og pussa opp innvendes i 1988.
(Kjelde: Sunnylven kyrkje 100 år : 1859-1959. Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: