Sylte kyrkje

Kyrkja har stor likskap med Sunnylven kyrkje frå 1859. Det vart lagt ned mykje dugnadsarbeid, bygdefolket var ivrig etter å få eit nytt og fint gudshus på denne sida av fjorden. Vindauga er store og mange, og heile kyrkja ber preg av byggjestilen i denne perioden, då det skulle vere lyst, romsleg og venleg. I koret er det fire glasmålarstykke med kjende motiv frå Jesu liv. Desse er komne til som gåve til kyrkja i samband med 100-års jubileet.
Innvendig er kyrkja dekorert med lette og lyse fargar. Interiøret er elles enkelt og stilreint. Altartavla er ein kopi av Gustav Dorés Jesus i Getsemane, og er måla av Peder Cappelen Thurmann.
I Sylte kyrkje finst det lite av inventar som har alder eller stikk seg særleg frå det ein vanlegvis ser i kyrkjene frå denne tida. Det kan synast som om ein hadde lite sans for å ta vare på det gamle; korkje preikestol, døypefont eller kyrkjesølv frå dei tidlegare kyrkjene i Valldal er tekne vare på.
Men eit forvitneleg minne finst likevel. I samband med at Døving-kapellet vart rive og flytta til Sylte, vart det eldgamle altarbordet av stein lite verdsett. I lang tid vart det nytta som trappehelle!
Men ved 100-års jubileet av Sylte kyrkje fann ein på å etterlyse steinplata, og det gamle altarbordet med innhogd oblatgøymsle har no fått sin plass i kyrkja og står til venstre for koroppgangen.
(Kjelde: Norddal kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: